tirsdag 19. april 2016





Projekt Life Norge 2 år:

Det var bildet til Anna som inspirerte til dette prosjektet. Eller rettare sagt; det vart teksten: Engasjert som inspirerte meg.
Bileta på denne PL-sida viser kor engasjerte dotter mi og eg vart då ei venninne tok oss med på Stordascrappen Treff  i februar 2015. Me starta med "blanke ark" og tomt bord, men på kort tid var me vel utstyrt begge to.

"Super fun"


Her er PL-sida som viser engasjerte scrappe-damer på treff, heime og med jobb-kollegaer. Eg har brukt ulike dekor, alt frå paper-klips, stickers, tredekor og dekor som eg har puncha ut sjølv.

Detalj-bilder:


Her er det full konsentrasjon! Ein liten paper-clips og label med litt tekst. 
Puffy Stickers - to stjerner - 
Stjernene skal indikera at me også nytta natte-timane under treffet! Ivrig og engasjerte!

Her har eg kutta bilde litt på skrå slik at PL-kortet visar godt. Så har eg puncha ut ein sirkel som eg har delt i to og putta delvis under bildet. Har i tillegg brukt labels som eg har skrive tekst på.


Eit bilde med mykje detaljer på! Slik er spisebordet heime når det er "scrapping-time" Delte bildet i to mapper og dekorerte med tre-dekor og tekst-label. 


I denne lomma brukte eg eit journaling-kort med dekor som passar til dei andre fargane på sida. Eg har skrive ein liten tekst og brukt tredekor - smily!

Slik vart mitt ENGASJERTE prosjekt.
Takk for inspirasjon, Anna!!


onsdag 13. april 2016



Projekt Life Norge 2 år.

Det er bildet til Bente-Heidi som har inspirert meg denne gongen. Dei klare, enkle fargane og den blanke sola som gjev gjenskinn i alle detaljer. Eg har brukt bilete frå ein kald og klar vinterdag i januar.

Her er mitt projekt:


Eg har brukt lite pynt på denne PL-sida. Syntest kvistane og granbaret med all rimen var så dekorativ og fin at for mykje pynt ville uroa detaljane. Har berre hatt enkle kort med enkel dekor for å framheva "Naturens kunstverk". Det var dette enkle som inspirerte meg i biletet til Bente-Heidi også.

Detalj-foto:


For å gje litt liv delte eg eit av foto på to lommer.


Enkle tre-hjarter som eg har dekorert med Wink of Stella gjev berre eit lite "dryss" med glitter. Dette og stjernene på kortet gjenspeiler glitteret på granbaret.


Eit enkelt stempel, som tek opp fargen i bileta, fortel om turen i skogen denne dagen.


Til slutt tre-dekor som også er malt med Wink of Stella. På ei enkelt kort med plass for teksten:
 "Naturens kunstverk"





søndag 10. april 2016



Projekt Life Norge 2 år.
Nr 3 i PLN utfordring: Projekt Life Noge sin 2 års dag.

Elisabeth sitt bilete gav meg inspirasjon til å lage dette prosjektet. Fyrst og fremst bilde av globusen på 71 gr. nord - Nordkapp - men også fargane: blått og raud/gult.
Bileta mine er frå ferien vår i 2015. Reisa gjekk med Hurtigruten MS "Midnatsol" nordover og på veg sørover køyrde me ut til Nordkapp platået. PL-sida mi vart slik:



Her har eg valgt å kutta ned dei store bilda, slik at alle bilda har fått ein bakgrunn. Eg har delt det eine store bildet på to små lommer og så har eg sett to små kort inn i ei stor lomme. Dette for å få litt liv i sida.

Litt detalj-bilder:


Her har eg laga bakgrunn sjølv. Dette for å henta opp mest mogeleg lik farge på bakgrunn som på jakkene me har på oss på bildet. Eg brukte Gelatos-stift som eg vaska ut med vatn til eg fekk rette nyansen. Eg dempa ned fargen endå meir med washi-tape som hadde same farge som rekkverket på bilda. Elles har eg brukt alfabet og tekst-stickers fra Crate Paper - Sweeter Than Pie. Eg har brukt paper-clips frå Freckled fawn og stikkers frå Søstrene Grene.


Som sagt før har eg kjøpt ein del PL-kort-restar og veit difor ikkje kva kit dei er ifrå. Dekoren her er frå Simple Stories - Life i Color og frå Søstrene Grene. Eg har snitta langs mønsteret på det eine kortet. Dette lagde ei "bølge" som eg kunne putta eine bildet nedi.





Takk til Elisabeth for inspirasjon til dette prosjektet !




onsdag 6. april 2016



Projekt Life Norge 2 år.

Nr 2 i PLN utfordring: Projekt Life Norge sin 2-års-dag.


Det er Graciela sitt bilde eg blei inspirert av denne gongen. Fyrst og fremst teksten:
Omsorgsfull
men også vatnet på bilde.
Eg har henta bilde frå ein liten fjelltur eg hadde i fjor sumar, ilag med eldste datter mi og eine sønnen hennar. 
Bileta viser den fine, omsorgsfulle mamma ho er og den kjekke guten som finn spennande ting i det friske fjellvatnet.


Tur til Bjørkeveten ilag med Pernhild og Håvard. Vakker utsikt over Hardanger-fjorden.

Eg har kjøpt ein del PL-kort-restar og veit difor ikkje kva for kit dei er henta ifrå. Den Blå-turkise bakgrunnen på det 3-delte bildet og på "guten i bekken" har eg laga av papirrestar. I tillegg til tekst med sticker-alfabet har eg pynta med staz og washi tape.

Nokre detalj-bilder:
Eg har diesa ut bilde + ein bakgrunn og har montert dette på eit kort.
Dekorert med små sticker-hjerter.
Eit transparent overlay med teksten "Good Times", ligg over.

Her har eg pynta med blomster som tek opp fargen i nisteboks, vannflaska og klærne til Pernhild.
Den store blomen har eg diesa ut av eit ark eg farga med med Maya Mist og Lindy's Stamp Gang.

Ein liten detalj, sticker-hjerter lagar overgang mellom to av bilda.

lørdag 2. april 2016


Project Life Norge 2 år - Gratulerer !!

Project Life Norge Eg prøver meg på utfordring:


Linola sitt solskinnsbilde har vore mi inspirasjonskjelde.
Eg har henta fram solskinn frå ferien i 2015, bilder frå tur til Flekkefjord.


Detalj-bilder:
Her har eg lagt ein liten "blomst" med fuse-tool'en, fyllt den med paljettar
og festa på eit PL-kort. Kjekt !

"Rub on"-sommerfugl vart ein artig liten detalj.
Med "Fuse-tool'en" har eg laga ein passasje i bildelomma, slik at deler av
 die-cut'en går opp til bilde over.

Ein die-cut med notar som tek opp stemninga i bildet.