søndag 26. juni 2016



Utfordring hos Project Life Norge - juni/juli.

Eg vart inspirert av hjarta og fargane.

Her er sida eg laga, bilder frå sumaren 2015:

Denne sida har berre kvadratistke lommer. Det vart då ein fin effekt med fleire bilder som vart delte på to lommer og ei lomme som eg dele opp med 
fuse-toolen. 
(sjå detalj-bilde nederst)

Detalj-bilder:


Her har eg lagt diecut på små avstandsputer, for å få meir effekt.




Her har eg disa ut ei lita bord for å marker bildet som går over to lommer.
Har i tillegg brukt ein stickker med tekst.



Her har eg dekorert med puffy stickkers.


Her har eg delt ei lomme fyrst i to deler med fuse-tool, så har eg delt den nederste lomma diagonalt og fylt med paljettar som fangar opp fargane ellers på sida. Bildet er også delt på to lommer.

Takk for at du såg innom bloggen min :)


søndag 5. juni 2016

Lagar kort!

Me er nokre "scrappe-damer" som treffest innimellom. På eitt slikt treff demonstrerte ei av oss korleis ho lagar Shaker-card. Me vart svært inspirert og her er korta som eg laga.


Her er tre doble kort. På alle korta har eg brukt teknikken med å kombinera stempling og embossing av baktrunnen inne i vinduet. Eg har brukt tre ulike embossingfolderar. Måtte prøva meg fram med kor mykje paljettar eg skulle fylla inni.

Litt detaljer:


Takk for at du såg innom ;)