søndag 21. august 2016

Utfordring Project Life Norge i August.



Dette er prosjektet eg laga for utfordringa som Project Life Norge har i August.
I denne utfordringa var det himmelen og grønfargen som inspirerte meg mest. Også teksten "Always be good to yourself" inspirerte meg. Det å få vera ilag med datter og barnebarn ute i den friske, fine naturen gjer godt og det er kjekt å laga fine minner med bilder og tekst frå turen.


Detalj-bilder:




Her har eg brukt bakgrunns ark og tekstar som eg har plukka i "boksane" mine. Kjekt å ha norske tekstar til Norsk natur !
Eine bildet har eg delt på to lommer for å få litt spenst i PL sida.


Her har eg limt bilde på eit mønsterark og så delt det på to lommer. Eg har dekorert med tekst og knapp i tre. 


Her har eg brukt ei kork plate som eg har klippa til og skrive tekst på.

Takk for at du såg innom!






fredag 12. august 2016

Små gave-boksar!

Me er nokre "scrapping-venninner" og me starta haust-sesongen denne veka. Nokon av oss laga ein gave-boks, etter ide frå Kreativ Scrapping.
Eg har laga to esker, den eine hadde eg lukking med band. På den andre limte eg på små borre-lås, då vart eska lettare å opna og lukka.


På denne boksen kan eg få nytta opp småbitar av mønster-ark. Det trengs berre totalt 3x8" mønsterark og det same til ark bak om ein ynskjer det (her har eg brukt svart bazzill).



Berre norkre små halvperler pyntar opp iblant regndropane.


På denne eska valde eg å bruka hamptråd og litt røffare dekor.


Stempel med "Håndlaget av" festa eg med brads som matcha fargen på mønsterarket.


Takk for at du såg innom :o)