fredag 12. august 2016

Små gave-boksar!

Me er nokre "scrapping-venninner" og me starta haust-sesongen denne veka. Nokon av oss laga ein gave-boks, etter ide frå Kreativ Scrapping.
Eg har laga to esker, den eine hadde eg lukking med band. På den andre limte eg på små borre-lås, då vart eska lettare å opna og lukka.


På denne boksen kan eg få nytta opp småbitar av mønster-ark. Det trengs berre totalt 3x8" mønsterark og det same til ark bak om ein ynskjer det (her har eg brukt svart bazzill).



Berre norkre små halvperler pyntar opp iblant regndropane.


På denne eska valde eg å bruka hamptråd og litt røffare dekor.


Stempel med "Håndlaget av" festa eg med brads som matcha fargen på mønsterarket.


Takk for at du såg innom :o)









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar