lørdag 2. desember 2017

Jul 2015!

Har laga ei PL-side frå julaften 2015.

Då var me samla i sova vår, 7 vaksne og 3 born + Julenissen!

På denne sida har eg i hovudsak brukt ark, pynt og dekor som eg
hadde liggande i div. "scrappe-boksar".



PL-korta har eg laga av eit ark med julemotiv.


Her har eg delt eit bilete på tre kort, då fekk eg meir
plass til å dekorera.
Under alle bilda på sida har eg lagt små hjørner i svart
for å framheva bilda litt.
Her viser også bokstavar som er trykt ut av
Martha Stewart punch: "GOD JUL"


Her har eg dekorert med små greiner som er diesa ut.
Stickers og litt pynt.


Her har eg diesa ut ein blom. Tekst er plukka frå eit tekstark.


Her har eg stempla direkte på kortet.


  
Koseleg med små pepperkake-mennesker, hjarter og eit juletre i sølv.


No står jula 2017 for døra. Håpar på mange «blinkskudd» som kan bli fine PL-sider.


Takk for at du såg innom!

fredag 29. september 2017

September utfordring - Freddy Kalas: Gjøre ingenting

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Eg blei inspirert av personane i videoen.
Alle barna og feststemningen.
 
 
 
 
Detalj-bilder:
 
  
 

På bildet til v. har eg skrive litt tekst og limt inn ein skrivemaskin-stickers.
På bildet til h. har eg eg brukt eit 4 x 6 kort med tekst og montert eit bilde på det og
pynta med ein pil-stickers.
 
 

 
Her har eg gjordt fire snitt i korta og festa bildene inni kvart hjørne.
Eg har også pynta med ein die cuts og to stickers.

 
Litt «lag på lag» og hjarter som er diesa ut og henta frå «diverse-boksen».
 
 
Stickers og ein liten tag.
 
Håpar du likte PL-sida mi og takk for du såg innom!

søndag 2. april 2017

3-års-jubileum, Project Life i Norge (nr 5)

Hipp Hurra 3 år!

http://projectlifeinorge.blogspot.no/2017/03/hipp-hurra-3-ar-i-dag.html?m=1

Linda sine inspirasjonsbilder:



Det var mest stemningen i PL-sida til Linda som inspirerte meg. 
Også koblinga mellom film og musikk gav meg inspirasjon til å setta sammen denne sida.

Eg har laga ei side med bilder frå Ringve Musikkhistorisk Museum, i Trondheim. 
Bror min og eg besøkte museet på veg nordover med Hurtigruta i 2015.


Her har eg brukt ei side med berre lommer for 3x4 kort. Synest det var greit, då får eg plass til mange små bilet-glimt!
Hadde ein del kort med musikk/note-motiv og dei passa perfekt til denne fotoserien.
For å få litt farge til sida plukka eg den raude fargen på taket til Museet og brukte den i dekoren.

Detalj-bilete:


Tekstark, litt tekst mellom notar, dekor i form av instrument og notar eg har puncha ut.



Kjekke minner frå ei flott oppleving!

Takk for at du såg innom bloggen min 😄


3-års jubileum i Project Life i Norge! (nr 4)

Hipp Hurra, 3 år!

http://projectlifeinorge.blogspot.no/2017/03/hipp-hurra-3-ar-i-dag.html?m=1

Mona E. sine inspirasjonsbilder:



Her blei eg inspirert av dei flotte fargane, særleg den friske orange fargen. Sumar-følelsen inspirerte også til å laga ei PL-side frå sumaren 2015. 



Her har eg brukt forskjellige kort med hovudfargar, orange, grøn og gul.

Detalj-bilder:



På denne sida har eg ikkje dekorert så mykje. Eg synest at dei viltveksande sumarblomane var så fine at eg ikkje ville overskygga dei med for mykje pynt. Men nokre puffi-stickers, litt vellum-dekortape og ein knapp vart likevel fint. Tekst med tre-bokstavar passa også godt.


Enkel pynt og enkel tekst!


Her fant eg eit kort som passa veldig godt som tekst-kort.

Takk for at du såg innom bloggen min 😄




Project Life I Norge 3 år (nr 3)

Hipp hurra, 3 år!

http://projectlifeinorge.blogspot.no/2017/03/hipp-hurra-3-ar-i-dag.html?m=1

Bente Heidi sitt inspirasjonsbilde:



Hos Bente Heidi var det raudfargen og naturbilda som gav meg inspirasjon 
til å laga den neste PL-sida.


Her er me komt til Brønnøysund og Torghatten. Fantastisk oppleving å gå opp ura og igjennom holet i fjellet. Kjekt med bilder frå ein slik tur. 
PL-arket eg brukte hadde ei stor lomme på eine sida. Her laga eg ei "mini-LO" med to bilder og litt tekst. Har også brukt Flipp-lommer for å få med fleire av bilda i denne serien.








Har brukt litt PL-kort, men hovudkorta laga eg av ei ark som matcha godt til dei raude korta.
Eg har brukt tre-dekor, kork og nokre puffi-stickers. Har også brukt dekor eg diesa 
ut av brunt kartong.



Takk for at du såg innom bloggen min 😄




3-års jubileum i Project Life i Norge ! (nr 2)

Hipp hurra, 3 år!


http://projectlifeinorge.blogspot.no/2017/03/hipp-hurra-3-ar-i-dag.html

Monica sitt inspirasjonsbilde:



I bilde til Monica var det spesielt den flotte rosa fargen på kjeledressen til barnet som eg vart inspirert av. Kjekt med ein slik "dytt", for elles hadde eg kanskje ikkje satsa på rosa. Eg synest resultatet 
blei bra 😁

Her er mi PL-side:


Bilda er frå tur vidare sørover. Her er me i Kabelvåg og Svolvær før me tek ferje over til Skutvik og køyrer vidare til Mo i Rana.
Den rosa fargen på korta hentar fint opp rosa-tonar i dei ulike bilda.

Detalj-bilete:



Her viser litt av dekoren eg har brukt. Tredekor og clips i matchende farge, og så har eg diesa ut frå rosa pair, ringar som eg har fordelt på fleire kort.





Takk for at du såg innom bloggen min 😄