onsdag 19. oktober 2016

Utfordring i Project Life Norge, oktober.




Denne utfordringa inspirerte med med både fargar og det fine haust-lauvet i så flotte fargar.

Her er prosjektet eg laga for oktober:


Ikkje ofte eg har bilder av meg sjølv, då eg som oftast er bak kameraet, men denne gongen kunne det passa med ein selfie frå ein fototur hausen 2015.
Eg fekk lyst å prøva ut ein teknikk eg har sett på You Tube. Eg tok med meg eit eike-lauv ein dag eg gjekk tur. Hadde stempelfarge på baksida og laga eit stempel av årene i lauvet. Så brukte eg lauvet som sjablong med fargar frå utfordringa. Pynta ned ein tekst i tre og bling.



Her har eg brukt same type bling som i bilde over. Dei tok fint opp fargen frå kristtorn-bæra.


Dette kortet har eg plukka frå div. eg har liggande så eg veit ikkje kva kit det er henta frå, men det passa så fint då det hadde alle fargane frå utfordringa. Eg delte det på to små lommer på PL-arket og då vart det fin bakgrunn for to "solnedgangs-bilder".


Her har eg laga eit PL-kort av eit dekor-ark i farane frå utfordringa. Har brukt ein tag av tre som underlag for ein liten tekst + bling.



Her er same PL-kort som under bildet av kristtorn-bæra. Dette har eg brukt som bakgrunn for litt teksting og meir tredekor.

Håpar det likte PL-sida mi!
Takk for de såg innom bloggen!