torsdag 5. mai 2016



Månedens utfordring hos Project Life Norge - mai!

Først: Fantastisk flott kake!!
Eg har vakse opp i Hardanger så uten tvil gjev dette meg assosiasjonar til Hardangerbunaden. Bunad er vel mest knytta til 17. mai, men me er flinke å bruka bunad i andre høve også. 
Mitt prosjekt er med bilder frå Mor sin 90-års-dag. Ho har i alle år sydd bunad på bestilling, så det var naturleg for oss å stilla i bunad då ho skulle feirast.


Til dette prosjektet brukte eg ei mappe med eit smalt felt loddrett på eine sida. Har på denne sida valgt å bruka fleire av bildene utan kort-bakgrunn.

Detaljer:


Her har eg delt både bildet og stickers på to mapper.


Her har eg brukt fuse-toolen til å dela opp den loddrette lomma. Delte den først i tre deler. I den øverste og nederste lomma laga eg kort i passeleg størrelse og dekorerte med die-cuts. Den midterste lomma delte eg i to og fylte 
farga "små-bling" i. 


Kork-hjerter passa godt her. Brukte også kork-tape som tekst-tag på bilde under.
(Oldebarna kallar Oldemor for "Ollo")





Det vart tatt mange bilder denne dagen, så kortet med fotoapparat passa fint.

Vesle Øyvor var svært "Happy" då ho fekk eit eige fotoapparat ho kunne bruka! Tag og vallum-sticker.


Kjekt de ser innom bloggen min og god langhelg!!