lørdag 14. januar 2017

Utfordring Project Life Norge, Januar





Flott utfordringsbilde denne gongen også!
Vart inspirert av fargen, snøen og isen. Den gav meg assosiasjon til risengrynsgraut 😅 og minner frå desember i 2015 då begge jentene mine og alle barnebarna var samla til scrapping av julekort og pakke-lappar. 
Det var stor stemning og fantastisk produksjon! 
Kjekt å scrappa bilder frå denne førjuls-aktiviteten!



Brukte her to 12" x 12" ark som hadde den rette fargen og passa godt som kort til bildene. Kutta opp det eine arket i 4" x 6" og 3" x 4". Det andre arket brukte eg til bakgrunn for bildene. Dei fleste bildene har eg skrive ut med Canon Selphy-skrivaren. Då får eg dei i fine størrelsar som gjev rom for dekorasjon.



Detaljbilder:


Her har eg brukt ein liten tag som eg har lagt bakgrunn under. Har teksta litt på tagen.
Alle bakgrunnar og kort har eg puta med Distress Ink, farge "Weathered Wood".
Eg har festa tagen med ein splitt-binders som matcha i farge.
Bildet er også dekorert med glitter-stjerner.


Har gjort det same med ein litt større tag.




Nokon av korta har eg dekorert med tynt silkepapir/dekopasje-papir (her med notemotiv) som eg har festa med Distress Collage Medium (matte). Her har eg latt to bilder flexsa litt over kvarandre og festa dei med ein splittbinders i matchande farge.


Her har eg to kort 3" x 4" der eg har fleksa bilda litt og klipt av det overskytande slik at eg får dei inn i lomma. 
Måtte berre få med den vesle crazy-katten, den sitter og følger med i det borna driv på med!!😊


Har pynta med glitter-stjerner rundt på fleire av bilda.

Takk for at du såg innom bloggen min!