lørdag 2. desember 2017

Jul 2015!

Har laga ei PL-side frå julaften 2015.

Då var me samla i sova vår, 7 vaksne og 3 born + Julenissen!

På denne sida har eg i hovudsak brukt ark, pynt og dekor som eg
hadde liggande i div. "scrappe-boksar".



PL-korta har eg laga av eit ark med julemotiv.


Her har eg delt eit bilete på tre kort, då fekk eg meir
plass til å dekorera.
Under alle bilda på sida har eg lagt små hjørner i svart
for å framheva bilda litt.
Her viser også bokstavar som er trykt ut av
Martha Stewart punch: "GOD JUL"


Her har eg dekorert med små greiner som er diesa ut.
Stickers og litt pynt.


Her har eg diesa ut ein blom. Tekst er plukka frå eit tekstark.


Her har eg stempla direkte på kortet.


  
Koseleg med små pepperkake-mennesker, hjarter og eit juletre i sølv.


No står jula 2017 for døra. Håpar på mange «blinkskudd» som kan bli fine PL-sider.


Takk for at du såg innom!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar