tirsdag 6. september 2016



Utfordring hos Project Life Norge i september.


Denne utfordringa inspirerte meg med sin fine gule-gyldne farge, natur og luftballongane.

Her er prosjektet eg har laga til denne utfordringa:


Denne gongen har eg laga PL-korta sjølv. Eg fant eit mønsterark frå Jen Wilson's, designa for My mind's eye.
Dette hadde den gyldne, gulaktige fargen som eg såg i inspirasjons-bildet. 
Eg brukte ei 12" x 12" plas-lomme-ark frå Snap. 
Det er inndelt i 4 lommer 6" x 4" og ei stor på 8" x 6". 
I den største lomma laga eg ein liten LO. Eg har stort sett brukt pynt som eg har stansa ut sjølv. I tillegg har eg brukt blomster frå Storryteller og 
bokstavar frå Prima - rondelle.
Alle korta har eg "puta" med Distress ink - Antique linen.

Detaljbilder:


Her har eg lagt ein doilies under eine hjørnet av bildet. Denne har eg også puta med anntique linen. 
Sumarfugl-ranker er diesa ut dobbel og eg har brukt wink of stella får å få litt glans, og i tillegg glossy for å markera sumarfugl-kroppane. 
Eg har også delt bildet på to lommer.


Her viser blad og sumarfugl som eg har puncha ut av papirrestar. Eg har brukt Wink of stella - clear på alle lauva.



Sumarfuglen og ballongane har fått gloss og i tillegg har eg malt med wink of stella på ballongane.
Tagen har eg lagt på avstandsputer og den har fått tråd av same sort som ballongane.

Takk for at du såg innom!!




11 kommentarer:

  1. Så ljuvliga egna dekorationer du gjort, och även själva PL-korten som du också gjort själv! Tack för att du deltar i Project Life i Norges september-utmaning! /DT-Gunilla

    SvarSlett
  2. Så ljuvliga egna dekorationer du gjort, och även själva PL-korten som du också gjort själv! Tack för att du deltar i Project Life i Norges september-utmaning! /DT-Gunilla

    SvarSlett
  3. Takk så mykje for fin og inspirerande kommentar!

    SvarSlett
  4. Härlig stilren sida med många fina handgjorda dekorationer och detaljer. Tack för att du är med och tävlar i september-utfordringen hos Project Life i Norge. / DT-Marit

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for positiv tilbakemelding! Kjekt å delta :o)

      Slett
  5. Nydelig pl-side. Flotte kort som matcher bildene. Tusen takk for at du deltar i Project life i Norge sin September utfordring. Klem DT-Elisabeth

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for god tilbakemelding. Kjekt og inspirerande å delta!!

      Slett
  6. Så fin side med flotte bilder og nydelig pyntet! Takk for at du deltar i PLiN sin utfordring / DT Bente Heidi

    SvarSlett