Hipp hurra, 3 år
http://projectlifeinorge.blogspot.no/2017/03/hipp-hurra-3-ar-i-dag.html
Marit sin inspirasjonsbilde:
Her var det den fine grøn-blå fargen eg fekk inspirasjon av. Eg har laga denne sida frå turen me hadde med Hurtigruta i 2015. Her er me byrja på heimtur og har ei overnatting i Hammerfest.
Her er den blågrøne fargen hovudfarge, men eg har henta opp det raude frå telefonkiosken og prøvd å få det med i heilheita.
Eg har ikke oversikt over kva kit dei ulike korta mine kjem frå. Eg har sortert dei etter fargar for det meste. Her har eg plukka kort med den blågrønne tonen + nokre i ein meir nøytral farge med tekst. Har også brukt eit kort for teksting.
Detalj-bilder:
Her har eg lagt inn små detaljer med raudt for å matcha den raude telefonkiosken.
Har brukt litt tre-dekor på denne sida. Her har eg også stempla eit "smiley-fjes".
Dette kortet hadde ei borde nederst som eg snitta opp slik at eg kunne putta bildet nedi.
Litt kjekk teknikk å bruka.
Takk for at du såg innom bloggen min 😄















