tirsdag 19. april 2016





Projekt Life Norge 2 år:

Det var bildet til Anna som inspirerte til dette prosjektet. Eller rettare sagt; det vart teksten: Engasjert som inspirerte meg.
Bileta på denne PL-sida viser kor engasjerte dotter mi og eg vart då ei venninne tok oss med på Stordascrappen Treff  i februar 2015. Me starta med "blanke ark" og tomt bord, men på kort tid var me vel utstyrt begge to.

"Super fun"


Her er PL-sida som viser engasjerte scrappe-damer på treff, heime og med jobb-kollegaer. Eg har brukt ulike dekor, alt frå paper-klips, stickers, tredekor og dekor som eg har puncha ut sjølv.

Detalj-bilder:


Her er det full konsentrasjon! Ein liten paper-clips og label med litt tekst. 
Puffy Stickers - to stjerner - 
Stjernene skal indikera at me også nytta natte-timane under treffet! Ivrig og engasjerte!

Her har eg kutta bilde litt på skrå slik at PL-kortet visar godt. Så har eg puncha ut ein sirkel som eg har delt i to og putta delvis under bildet. Har i tillegg brukt labels som eg har skrive tekst på.


Eit bilde med mykje detaljer på! Slik er spisebordet heime når det er "scrapping-time" Delte bildet i to mapper og dekorerte med tre-dekor og tekst-label. 


I denne lomma brukte eg eit journaling-kort med dekor som passar til dei andre fargane på sida. Eg har skrive ein liten tekst og brukt tredekor - smily!

Slik vart mitt ENGASJERTE prosjekt.
Takk for inspirasjon, Anna!!


9 kommentarer:

  1. Så fin side du har laget. Nå fikk jeg lyst til å dra på scrappe-treff:) Takk for at du deltar i Project Life Norge sitt 2-års jubilem. DT-Bente-Heidi

    SvarSlett
  2. Åh vilken härlig sida med engagerade scrappare, och så fina färger och detaljer du fått till! Tack för att du deltar på 2-årsjubileet för Project Life i Norge. /DT-Gunilla

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fin kommentar. 😊 Når ein tek bilde av scrapping vert dei no litt rotete, men slik ser det ut når ein jobbar med eit prosjekt 😄😄

      Slett
  3. Fin sida där inspirationsordet engasjert syns tydligt. Tack för att du är med och tävlar i jubileumsutfordringen hos Project Life i Norge. / DT-Marit

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk😊 Kjekt å delta og å verta inspirert👍😉

      Slett
  4. fin side du har laget! flotte minner :) takk for at du deltar hos PLIN: DT Graciela

    SvarSlett
  5. Takk😊 Ja, kjekt å sjå tilbake på👍

    SvarSlett
  6. Så Nydelig pl-side. Tusen takk for at du deltar i Project life Norge sin 2 års utfordring. Klem DT-Elisabeth

    SvarSlett